Skip to main content

 

 

Får du for mange eller for få treff på søket ditt?

 

Både for mange treff og for få treff kan vera ein utfordring når ein søker etter litteratur. Nedanfor får du tips til korleis du kan avgrense eller utvide søket ditt.

 

​Avgrense søk i Oria eller databasar

 

Veldig ofte får ein altfor mange treff når ein gjer litteratursøk. For å få færre treff er det viktig å avgrense søket og det kan ein gjere på ulike måtar. 

 

År

I mange tilfelle vil ein vere interessert i nyare forskning for å finna den mest relevante litteraturen. Du kan avgrensa søket ditt til å gjelde frå eit bestemt årstal.

Døme: dersom du skriv om forhold i den norske skulen er det lurt å avgrense søket til å gjelde etter 2006 (Kunnskapsløftet)

 

OG/AND, IKKE/NOT

Du kan søka  meir spesifikt ved inkludera fleire liknande ord i søket ditt. Dette bestemmer du ved å trykka på AND eller OG.

Døme: læring AND learning

Du kan avgrensa søket ditt ved å ekskludere enkelte ord. Dette gjer du ved å trykka på IKKE eller NOT.

Døme: learning* NOT learning difficulties

 

Alder

Kva for ei aldersgruppe er det snakk om? Alle, eldre, førskulebarn, 4.klassingar, tenåringar osb. 

 

Kjønn

Er du ute etter noko som gjeld berre gutar eller jenter?

 

Geografi

Kva for forhold dreier oppgåva di seg om? Norske forhold? USA? Sør-Afrika? Rogaland? Bygd? By?

 

Dokumenttypar

​Her kan du bestemme kva type dokument du vil fsøka etter.  

Døme: kun fagfellevurderte tidsskrifter, bøker, masteroppgåver

NB! I oria vises tekstressurs og studentoppgåve som dokumenttypar. Desse bør ein bruke med eit kritisk blikk då det ofte er bacheloroppgåver eller ulike rapportar.

 

 

 

Får du for få treff? 

 

Dersom du har valgt ei ganske smal problemstilling til oppgåva di kan det vere vanskeleg å få opp mange nok eller gode treff.

 

1. Søk på del av ord

Søker du på læring vil du kun få treff på "læring".

Dersom du søker på læring* vil få treff på alle ord som har læring i seg t.d læringsteoriar, læringsstrategiar osb. 

 

2. Bruk synonym

Finn synonym til søkeordet ditt og prøv å søke på dei.

Kombiner det gamle og nye søkeordet ditt  ved å hake av for ELLER/OR. Då vil du få opp treff på alle titlar som har eitt eller begge desse orda i seg. 

 

3. Søk meir generelt

Kanskje er søket ditt for spesifikt. Prøv å gjera det meir generelt ved å til dømes prøva andre, liknande omgrep.